fredag 6. mai 2011

Mange års røynsle med pil og boge

Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
..........skal pili stå og dirra!

Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.

So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirrar::

Her er òg eit midpunkt...
 
(Olav H Hauge)