onsdag 7. mai 2008

Hand i hand


Handa mi,
med slitte furer av levd liv,
held den vesle babyhanda, mjuk av nyfødt liv.

Livet skulle levast slik,
fortruleg og tillitsfullt,
hand i hand
menneskehand i menneskehand,
slik at vi kunne kjenna
varmen og styrken
frå kvarandre

i hender som held.





Me skulle aldri veksa ifrå det
at hand held hand.
Det kjennes så tydeleg
at den andre er der
når menneskehand held menneskehand
.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nydelig bilde. Grete