Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,men du legg i veg
og brukar all di kraftog held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg
-glid ifrå deg-
snart er han heile runden fyre.
Det kjennest litt skamfullt med det samme.
Til det kjem ei merkjeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi taktog kappskrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.
-Olav H. Hauge-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar